No peace – no prize!

Bli med på protestene når Barack Obama besøker Oslo!

Les mer

Og angeren vil sette deg fri

Les anmeldelsen av Den store ml-boka.

Les mer

Antiimperialisme er dyrt – støtt Frontlinjer!

Om Frontlinjer. Tegn abonnement

Kva meinte dei med solidaritet?

SOLIDARITET: Mange var ute i Oslos gater for å demonstrere mot Israels angrep på Gaza i januar. Foto: frontlinjer.no.

Palestinakomiteen vart skipa i september 1969, to år etter at Seksdagarskrigen hadde gjort heile verda merksam på palestinakonflikten.

Ingen vil nøla med å seia at dei dreiv solidaritetsarbeid, men kva meinte dei eigentleg med solidaritet, spør Tarjei Vågstøl i denne artikkelen.

Denne teksten sto fyrste gong på trykk i Frontlinjer 01/2008.

Sjå også:
Aktivitetane til Palestinakomiteen i anledning jubileet

For å ta bakgrunnen fyrst: I 1969 fekk Yasir Arafat og partiet Fatah kontroll over PLO, den palestinske frigjeringsorganisasjonen, og organisasjonen byrja med militære åtak i dei okkuperte områda frå basar i Jordan. I 1970 rekna jordanske styremakter denne aktiviteten som eit så stort trugsmål at dei gjekk til militært åtak på PLO. Operasjonen er kjend under namnet «Svart September». Jamvel om konflikten i området både har røter attende til mellomkrigsåra og «byrja» då staten Israel vart erklært i 1948, var det fyrst frå slutten av 1960-åra at palestinarane sjølve organiserte noko som kan likna på ei nasjonal frigjeringsrørsle.

Samstundes var det politiske klimaet i Noreg moge for ein solidaritetsorganisasjon for Palestina. Vietnam-krigen hadde vist at eit fattig folk med småe ressursar kunne halda stand mot den sterkaste militærmakta i verda. I politisk radikale miljø fekk førestellinga om at alle folk slåss mot same fienden, USA-imperialismen, stadig større oppslutnad. I Noreg hadde det, som i andre land, vore mogleg å byggja ei sterk solidaritetsrørsle. På få år hadde opinionen snudd. For radikale, unge menneske på slutten av 1960-åra kunne det sjå ut til at det neste store slaget mot imperialismen skulle stå i Palestina.

Naudsynte føresetnader

To faktorar var naudsynte for at det kunne vera mogleg å skapa ei norsk solidaritetsrørsle for Palestina: Den palestinske, at det fanst ei organisert frigjeringsrørsle med politiske mål, og den norske, at det var eit klima der frigjeringsrørsler i tredje verda vart rekna som progressive. Åleine kan dei likevel ikkje forklara kvifor Palkom vart skipa, berre kvifor det var mogleg å skipa organisasjonen. Den konkrete grunnen til at organisasjonen vart skipa finn me både i dynamikken kring brotet mellom SF og SUF, opptakten til ml-rørsla, og i dei personlege historiene til pionerane, da særleg Finn Sjue og Peder Martin Lysestøl.

Frå ein sped start i 1970, konsoliderte Palkom seg som ein aktivistorganisasjon, og knytte kontaktar både til det sivile samfunnet i Noreg og til PLO. Det var ein seig kamp i ei tid der støtta til Israel nærast var sjølvsagt i alle politiske miljø, og rørsla var òg offer for indre uro: I 1975–76 forsvann ein del av dei aktive medlemene frå Palkom, med bakgrunn i ei usemje om det var slik at Sovjet var eit like stort trugsmål mot Palestina som USA. Dei som ikkje meinte det, gjekk ut og skipa Palestinafronten i 1976. Det er ikkje tvil om at splittinga òg var ein organisatorisk maktkamp mellom SF/SV og AKP.

Ei framstelling av palestinarørsla si historie som ikkje tek omsyn til denne maktkampen på venstresida i Noreg er dømd til å vera ufullstendig.

Solidaritet eller solidaritet

I polemikk mot Palfront etter splittinga skreiv Palkom: «Vi tror det trengs en solidaritetsorganisasjon, en anti-imperialistisk organisasjon, som skal arbeide fram en aktiv solidaritet mellom det palestinske og det norske folket».

Omgrepet solidaritet vart brukt politisk for å skildra samhald, empati og interessefellesskap: I marxistisk tyding mellom medlemene av ei klasse eller gruppe som har sams interesser, ein form for identifikasjon med dei ein slåss for, naudsynt for ei sosial rørsle. I kristen og sosialdemokratisk tyding omsut og støtte til alle menneske som har det vanskeleg. Nynorskordboka definerer det som «samhald».

Jamvel om palestinarørsla brukte «solidaritetsorganisasjon» som honnørord, er det ikkje klårt at det alltid tydde det same. Det vart brukt for å avgrensa seg mot fredsrørsla, bistandsarbeid og informasjonsarbeid, men det endra nok også meining over tid, og fleire tydingar av ordet var operative samstundes: Skulle ein ha solidaritet med palestinarane fordi dei var undertrykte, eller fordi dei kjempa ein «rettferdig kamp»? Korleis skulle ein «aktiv solidaritet mellom det palestinske og det norske folket» arta seg?

Det var visse aktivitetar som var gjengangarar i solidaritetsarbeidet: utdeling av flygeblad, stands, sal av aviser og effektar, lesarbrev til avisene, studiesirklar, debattmøte, punktdemonstrasjonar og massedemonstrasjonar. Etter kvart dukkar det opp fleire: pengeinnsamling, helseteam og samarbeidsforum.

Krisehjelp hausten 1976

På førsumaren 1976 intervenerte Syria i den libanesiske borgarkrigen. Her hadde PLO, med baseområde sør i Libanon, gått med på den muslimske sida, og fann seg brått i den posisjonen at ein måtte driva forsvarskrig av baseområda kring flyktningleirane i staden for geriljakrig. Krigen førte til ei humanitær krise i Libanon, og Yasir Arafat gjekk ut saman med Kemal Jumblatt, leiar for «den libanesiske venstrealliansen» og bad om humanitær hjelp.

Det var bakgrunnen for at Palfront sette i gang innsamlingsaksjonen «Krisehjelp til Libanon» i juni. I august same året lanserte Palkom ei liknande innsamling, «Solidaritet Norge-Palestina». Båe aksjonane var rimeleg vellukka. Palfront samla inn 190 000 kroner frå starten til årsmeldinga for 1976 vart skriven og Palkom samla inn 150 000 kroner. Til samanlikning var årsomsetnaden for Palfront 46 000 kroner.

Utover hausten dreidde ordskiftet mellom dei to organisasjonane seg mykje om desse kampanjane. Palkom såg på «Krisehjelpa» som eit trekk for å flytta fokus frå støtte til palestinarane som eit kjempande folk over på lidingane deira, og driva med humanistisk bistandsarbeid i staden for solidaritetsarbeid. På leiarplass i Fritt Palestina trekte dei fram stortromma og samanlikna splittinga i rørsla med splittinga i Vietnamrørsla på 1960-talet, mellom dei som kravde fred og dei som ville stø FNL.

Like aksjonsformar

Det var rett nok skilnader mellom aksjonane. Interimstyret i Palestinafronten vedgjekk at dei gjekk ut med «låg politisk profil» på aksjonen sin, for å sikra politisk støtte til kampanjen mellom anna frå fagforbund og «flere andre grupper», i tillegg til økonomiske løyvingar. Ein eigen aksjon der giroar og plakatar vart distribuerte til 3000 postkontor, stod likevel for størsteparten av inntektene, «meir enn 100 000 kr».

Palfront vurderte det slik at dei ikkje hadde same styrke «på gata» som det Palkom hadde, takk vera AKP (m-l). Det er sannsynleg at dette var styrande for forma innsamlingsaksjonen fekk. Den politiske profilen til «Solidaritet Norge-Palestina» var meir tydeleg frå starten. Til liks med Palfront, fekk Palkom òg støtte frå fagforeiningar og organisasjonar, men eg har inntrykk av at deira innsamling i større grad nytta «bøsseskramlarar» og dør-til-dør-aksjonar, slik Palkom i Trondheim fortel om i Fritt Palestina.

Mads Gilbert og Pål Steigan
PALESTINAVENNER: Seinere Gaza-lege Mads Gilbert og formann i AKP, Pål Steigan. Foto: Klassekampens arkiv.

Likevel verkar aksjonane som meir like enn ulike. Dei introduserte ei ny aksjonsform i repertoaret til solidaritetsorganisasjonane: Innsamlingsaksjonar. Palkom sa klart ifrå om at dei ynskte «ei innsamling som ikkje vil slutte før Palestina er endelig frigjort». Dette var ei viktig nyvinning i Palestina-arbeidet. Tidlegare hadde ein vore opptekne av å skilja solidaritetsarbeid og bistandsarbeid. Oppgåva til solidaritetsrørsla var å fremja solidaritet og politisk støtte.

Men korleis skulle slik støtte ovra seg i praksis? Svaret hadde tidlegare vore: Ver med i organisasjonen, kjøp avisa og kom i demonstrasjonar. No hadde dei ein solidarisk aktivitet som var lett tilgjengeleg for dei som ikkje hadde tid eller ynskje om å vera Palestina-aktivistar: Dei kunne gje økonomisk støtte. Samstundes kan ein seia at desse kampanjane var den fyrste indikatoren på at organisasjonane gjekk frå rein opinionsbygging til eit meir aktivt engasjement i Midtausten, der grensene mot bistandsarbeid gradvis vert utviska. Skilnaden som var mellom kampanjane varslar òg om ulik arbeidsstil i arbeidet seinare.

Det er uvisst i kor stor grad dei norske organisasjonane fann på denne arbeidsforma sjølve. Seinhausten 1976 vart det drive liknande innsamlingar i Sverige og Danmark, men det er ingenting som tyder på at dei var før ute. Det å samla inn pengar som ein del av solidaritetsarbeid var heller ikkje noko nytt i norsk samanheng, andre solidaritetsorganisasjonar hadde gjort det same før.

Same hausten sende Palestinakomiteen ned det fyrste helseteamet til Libanon. Dette vart etter kvart eit av dei viktigaste arbeidsfelta for Palkom, og Palestinafronten kopierte konseptet nokre år seinare. Arbeidet heldt fram utover heile 1980-talet.

Usemje om PLO

Heilt frå starten hadde solidaritetsrørsla sett likskapsteikn mellom den palestinske frigjeringsrørsla og PLO. Dette hadde vore uproblematisk så lenge PLO hadde vore ein samla front med eit klart og uttala mål. Frå midten av 1970-talet vart biletet uskarpt. Frå 1974 gjekk Yasir Arafat ope inn for ei tostatsløysing. Det var lange tautrekkingar om kva politisk line ein skulle leggja seg på, men kvar gong enda ein opp med å gjera vedtak som opna stadig meir opp for ei kompromiss-løysing. I tillegg kom det stadig fleire åtak mot palestinarane frå andre arabarar, som falangistane i Libanon og den syriske hæren. Fleire smågrupper, som ALF, PFL, PFLP-GC og Ab Nidal-gruppa, splitta ut frå PLO og dreiv gerilja- og terrorverksemd på eige initiativ, fleire av dei med støtte frå Syria. Dei andre store partia som var tilknytte PLO, PFLP og DFLP, nekta å la seg velja inn i leiinga, og protesterte mot kompromissviljen.

Yassir Arafat
ARAFAT: Arafat med lederen av Demokratisk front for frigjøring av Palestina, Nayef Hawatmeh og den palestinske forfatteren Kamal Nasser under en pressekonferanse i Amman i 1970. Foto: Wikipedia.

I dette villniset av bokstavforkortingar heldt Palkom seg konsekvent til PLO og Fatah. Det høvde godt med «tre-verdener teorien» til kinesarane, men òg med den offisielle palestinske politikken om at det viktigaste solidaritetsrørsla kunne gjera, var å arbeida for kravet om at PLO skulle reknast som representanten for det palestinske folket. Dessutan rekna dei det som umogleg for PLO å gå i open konflikt med dei arabiske nabolanda: «Det var ei dødslinje for ei rørsle som ville ha ryggen fri … dei hadde flyktningar i alle landa».

I Palfront, derimot, kan ein sjå tendensar til ei orientering mot andre. I referat frå møte og delegasjonsreiser til Midtausten vart det ofte presisert at ein hadde hatt møte med både PLO/Fatah og PFLP. Medlemsbladet prenta reportasjar frå møte og demonstrasjonar i PFLP-regi. Det er ikkje vanskeleg å sjå samanhengen mellom desse kontaktane og parolane mot den «arabiske reaksjonen», og heller ikkje å skjøna at PFLPs krav om ein sosial revolusjon i Midtausten vann atterklang hjå medlemene i Palestinafronten, der mange var sosialistar i utgangspunktet.

Hovudsakleg var det slik at dette var ei konkretisering av prinsippet om å «støtte hele frigjøringsbevegelsen, ikke bare deler av den», som hadde vore eit berande prinsipp i Palfront sidan skipinga. Den politiske orienteringa mot PFLP fekk ikkje store utslag i den praktiske politikken til Palfront utover kritikken av dei «reaksjonære arabiske regima». Palfront-leiinga brukte store ressursar på å fortolka utspela frå PLO-leiinga positivt, sjølv om det til tider var ei vanskeleg oppgåve.

1982: kriseteam og «Folkehjelpa»

Då den israelske hæren gjekk til åtak på heile Libanon i 1982 og blokkerte Beirut, bad Raude Halvemåne for fyrste gong om eit kriseteam. I motsetnad til helseteama måtte kriseteama inn og stilla med medisinsk personell i kampsona. Tre frå sjukehuset i Tromsø reiste nedover i Palkom-regi, saman med Karin Linstad, som var koordinator.

Palestinafronten valde ei litt anna løysing. Kontakten med LO var godt etablert, og ein avgjorde å prøva å få hjelpeorganisasjonen deira, Norsk Folkehjelp, med i arbeidet. Då krigen braut ut tok Kjell Bygstad kontakt med Thorvald Stoltenberg, som hadde hamna i Norsk Folkehjelp etter at dei borgarlege hadde teke over regjeringsmakta. Folkehjelpa var etter kvart viljuge til å setja i gang eit prosjekt, men hadde ingen kompetanse på området. Det var ikkje noko problem for Palestinafronten. Dei hadde då både kompetent personell og røynsle frå Midtausten.

Medan Palestinafronten let Norsk Folkehjelp ta over hjelpearbeidet i Libanon, skjedde det ei liknande profesjonalisering i Palestinakomiteen. Etter at PLO-leiinga var evakuerte til Tunis i 1983, vart dei utanlandske solidaritetsorganisasjonane kasta ut av Libanon. Etter råd frå Utanriksdepartementet etablerte då Palestinakomiteen hjelpeorganisasjonen NORWAC, Norwegian Aid Commitee, som fekk eit koordinerande ansvar. I byrjinga var det mest formalia, men etter kvart vart NORWAC meir og meir ein uavhengig organisasjon som drev sin rekruttering og sjølv søkte om statleg støtte. Palestinakomiteen fekk òg støtte av NORAD til å driva eit sjukehus på Vestbreidda frå 1982.

Det er teikn til at prinsippet om at palestinarane var eit kjempande folk, får mindre vekt i denne perioden. Då NORAD valde å gje pengar til eit sjukehus på Vestbreidda, var det ikkje diskusjonar om dette var humanisme eller solidaritet. I Palestina-Nytts reportasjar frå Libanon-krigen i 1982, er skildringane av heroiske geriljasoldatar fråverande.

Var rørsla vellukka?

Etter å ha følgt ein periode på tjue år, er det freistande å runda av med spørsmålet om solidaritetsrørsla for Palestina var vellukka. Nådde ho dei måla ho hadde? Det spørsmålet er vanskeleg å svara på når det gjeld ein solidaritetsorganisasjon. Houvdføremålet med ein solidaritetsorganisasjon er nærast definert til å vera å arbeida for solidaritet med nokon andre. I palestinarørsla vart dette føremålet formulert som «full støtte til det palestinske folkets nasjonale frigjøringskamp på deres egne vilkår». Men både støtte og solidaritet er ord som treng eit operativt innhald for å vera meiningsbærande i det heile. Støtta må gje seg konkrete utslag i handling, elles er ho verdilaus for mottakaren.

Utover i perioden etablerte palestinarørsla forståingar av kva solidaritet betydde i praksis, særleg arbeid mot politiske institusjonar og helsearbeid. Målt opp mot desse måla var lukkest ho absolutt. Vurdert opp mot det målet som vart utforma i byrjinga, derimot, «full støtte til eit kjempande palestinsk folk», var rørsla mindre vellukka. Den støtta PLO oppnådde i Noreg, var like mykje tufta på den lidinga dei opplevde som den retten palestinarørsla meinte dei hadde på si side. Men var dette noko palestinarørsla kunne gjera noko med? Kanskje var det sjølve frigjeringskampen, eller PLO, som hadde endra karakter.

Tarjei Vågstøl leverte historie-hovudfagoppgåva «Den norske solidaritetsrørsla for Palestina, 1967–1986» våren 2007 ved UiO. Denne teksten byggjer på oppgåva og sto fyrste gang på trykk i Frontlinjer 01/2008.

This website uses IntenseDebate comments, but they are not currently loaded because either your browser doesn't support JavaScript, or they didn't load fast enough.

Kommenter saken:

Av: Tarjei Vågstøl

Publisert: 2.10.2009 klokken 13:34.
Oppdatert 2.10.2009 klokken 15:42.